søndag 21. august 2016

Tarzanskogen

Ting går ikkje alltid etter planen. Idag skulle eg vere turleiar for borna sitt turlag, men så vart eg sjuk. Er det ikkje typisk å verte sjuk når sola skin? Det har vore nokre dagar med vannkoppar i heimen i tillegg så eg syntes så synd i meg sjølv og byrja å tru at nokon ville meg vondt. Ja og så stengte dei straumen i sju timar oppå alt. Alt dette hadde ikkje ungane nokon sympati for. Dei er seg sjølv på godt og vondt uansett kva tilstand eg er i. Så kva skulle vi finne på når mor i huset ikkje orka å bevege seg og internett og tv var utilgjengeleg?
Eg hadde høyrt rykter om ein artig skog på Bruvik. Ungar i alle aldrar kosar seg der og den var visst lett tilgjengeleg. Vi køyrde innover og fann skiltet til skogen. Ein liten sti med fem minuttar gange så var vi der. Ungane sperra augene opp og fekk først sjå dette store edderkoppvevet. Så gøy og litt nifst for enkelte.
Emil den uredde.
Dei to største prøvde seg på nettet som gjekk rett opp, Dei fekk det til begge to og klatra opp fleire gongar. For foreldre med nervar, stå nederst. Frå toppen og ned kan det vere litt angstframkallande.
Anna prøvde seg på eit litt mindre nett med litt hjelp frå storebror. Kjempegøy!
I skogen er det slengdisse, balansetau, bålplass og balansestokkar.
Høgdepunktet er nok ziplinen. Litt vanskeleg å setje seg på den, men med litt hjelp frå ein voksen går det fint. Dette er ein skog eg anbefaler store og små born å ta turen. Heilt gratis er det og. Eg set stor pris på dei som frivillig har laga den skogen for at kven som helst kan kome. Tippar du gjer det og.

fredag 12. august 2016

Hånipa

Igår hadde vi ein dag utan regn. Då nytta eg sjansen til å ta meg ein tur ut. Hånipa er ein lett tur som ikkje tek lang tid og i tillegg har den ei nydeleg utsikt. På veg opp frå Reigstad er det nokon som har laga sitjebenkar og bord. Dette er eit flott turmål for dei som ikkje vil gå så langt. Turen har eg gått fleire gongar og eg har skrive om turen før på den andre bloggen. Les her.
Utsikt mot Garnes og Indre Arna. Makrellskyer og kveldssol gir energi til kroppen og hovudet.
Her er utsikta frå Hånipa i april.
I grenseland. Gamle murar deler landskapet.

torsdag 11. august 2016

På denne tida ifjor

Her eg bur har det vore regn meir eller mindre kvar dag sidan juni. Sola skin innimellom, men regnbygene står og ventar på sin tur så fort nokre strålar har fått tørka asfalten. For eitt år sidan hadde vi ein fantastisk flott dag her på Osterøy, kanskje den finaste då det var ein kald vår og sommar det året, og eg var så heldig å få tid til å gå på Brøknipa.
Brøknipa (Bruviknipa) er Osterøy sitt nest høgaste fjell med 822 m.o.h. Langt ifrå ein høg topp, men den har ein fantastisk utsikt. Innlandsøya Osterøy har fjell og fjord på alle kantar og ein ser ut til havet og inn mot Bergsdalen og Vossafjella frå Brøknipa på ein dag som denne. Blå himmel og vindstille, kor heldig kan ein eigentleg vere? Eg mangla ingenting, livet kjendes fullkomment.
På veg opp er det utsikt mot Bruvikdalen og Storavatnet. Det er så mykje vakkert å sjå på denne turen. Brøknipa er blant topp tre finaste turane på Osterøy. Om du ikkje har vore her så er dette staden å dra om du er i nærleiken ein vakker dag. Turen eg gjekk starta på parkeringsplassen på Båtaleitet og opp den korte, bratte løypa.

Så får vi håpe at vèret vert like godt som ifjor på denne tida og at eg kan vise bileter frå like fine turar i år. Alltid kjekt å mimre, men endå kjekkare å oppleve det her og no.

tirsdag 9. august 2016

Livet er best ute

Utehjarte vert ein blogg om det å vere ute. I frisk luft får eg energi, glede og overskot til å meistre ein krevande kvardag. Familie, jobb og andre gjeremål gir lite tid til meg sjølv. For å få gleda av å vere ute oftare har vår familie som mål å bruke søndagane på utetid. På den måten får eg vere ilag med borna og vere i friluft på same tid.
Borna våre er ikkje noko annleis enn andre born flest. Dei ser tv og spelar på nettbrett på tider der sola skin, dei finn ikkje på noko av seg sjølv, må tvingast ut av døra for å få litt frisk luft osv. Vi ser at det er viktig å halde borna i aktivitet og vårt ønskje er at dei skal få eit naturleg forhold til det å vere ute. Både fysikken og humøret har det betre med litt utetid.
Familien er og glad i å vere i telt. Om det er i hagen, på ein campingplass eller på eit fjell spelar inga rolle. Det viktige er å komme seg ut av huset, ikkje ha tilgang til internett og tv og bruke tida på heilt andre ting. Sjølvsagt er det intenst når det tordnar og regnar og alle må sitte inne i teltet til det vert betre vèr, men dei augneblinka når ungane ler ilag og finn på leik på eiga hand gjer teltturane meiningsfulle. Å vakne til fuglar som syng eller sjøskvulp er noko eg anbefaler alle.

Vi er langt ifrå den perfekte turfamilien og det vil eg også syne i denne bloggen. Det har vore dagar der vi har snudd fordi alt er gale. Vi lærer heile vegen både om oss sjølve, som familie og som friluftsmennesker. Utehjarte er ein blogg i ærlig format. Følg oss på reisa og gi gjerne tilbakemeldingar om du har gode tips og råd.