lørdag 17. september 2016

Lønahorgi 1410 moh

Det er så mykje som skal klaffe når to travle damer skal møtes. Tida går og plutseleg har det gått eit par år sidan sist. Renate har hytteleilighet i Tråstølen på Voss. Då passar det vel fint å gå på Lønahorgi! Så det har vi hatt lyst til å gjere ilag ei stund og denne helga fekk vi det til. Vi reiste til Voss igår og idag tok vi turen med utgangspunkt i parkeringsplassen på toppen av Tråstølen.
Vi byrja å gå i nitida. Vi fulgte anleggsvegen oppover. Undervegs kom sola fram og ønskte oss god tur. Så nydeleg utsikt over Skulstadmo! Det er stille både til vanns og til lands.
Etter ein time satte vi oss ned og åt ein banan. Det er haust i fjellet og etter mi meining den finaste tida å gå fjelltur på.Går du rett fram i staden for til høgre er det ein sti som fører ein til Tvinnestølen og Volahytta.
Små vatn undervegs. I bakgrunnen held fjella auge med oss.
Fjellandskapet er massivt og stort. Som vi skulle ønske at nokon kunne fortelje oss korleis alt har blitt til! Kor har breen vore først og sist? Kva heiter alle steinsortane? Kvifor slik og korleis slik? Er du glad i stein så ta deg ein tur hit.
Meg; glad i fjellet og elskar å gå på tur. Og eg hadde det beste turselskapet eg kunne ønske meg. Ja då må ein berre smile.
Det er noko eige med Voss. Det er fleire som seier det same. Atmosfæren, livet og naturen. Eg trives så godt her. Bilete er tatt frå sjølve toppen.
Toppen i sikte. Dette er tatt på veg ned att. Sjølve toppen er ikkje noko særskilt. Det støyer og det er eigentleg mest eit anleggsområde, men det er kjekt å ha vore der.
Fjellandskap over alt med stein og berg i vakre former. Det var så mykje å sjå på. Turen tok seks timar og det er ein krevande tur mest med tanke på det ulendte steinlandskapet.
Eg må seie at det mest fascinerande idag var alle bergartane og formasjonane, Eg veit ingenting om slike ting og sakna å ha ein geolog på turen. Som eit minne tok eg meg ein stein forma som eit fjell. Eit flott minne om ein fantastisk dag på Voss, ilag med Renate, på fjellet, med utsikt og eit nydeleg haustlandskap. Eg kunne ikkje ønske meg meir.

tirsdag 13. september 2016

Ein fyste gong for alt

Det har vore nokre veker med vannkoppar i heimen så bloggen har ikkje blitt prioritert. Tenkte eg skulle fortelje litt om det nye teltet vårt som vi prøvde for første gong då vi reiste til Lillehammer for nokre helger sidan. Espen skulle sykle Birken og heile gjengen hang seg på. 
Det er langt å reise til Lillehammer, men vi reiste frå eit regnvèr av dimensjonar til sol og blå himmel så då var det greit. Vi innlosjerte oss på Lillehammer turistsenter med utsikt over Mjøsa. Timane med reising forsvann så fort det var råd å setje seg ned og nyte godvèret.
På turen var og svigermor med samt søstra til Espen med familien. Til saman var vi 9 stykke fordelt på tre telt. Svigermor hadde ikkje telta på 38 år og eg trur ho hadde gløymt kor koseleg det er. Iallefall hadde alle ei kjempekjekk helg med godt vèr og mykje leik på ungane. Svigermor budde i det vesle teltet på bilete, det er no i bosset sidan det både var rivna og stengene var dårleg. Vårt telt er derimot heilt nytt og vi er så fornøgd! Outwell Hornet 5 heiter det. Ved luft bles det seg opp og står støtt utan å bruke stenger. Tidsbruken er minimal samanlikna med det gamle teltet vårt som vi brukte i sommar.  Då vi bestilte det ante vi ikkje kor stort det var så då eg henta teltet fylte det heile bagasjerommet. Hengaren til høgre for teltet måtte kjøpast inn. Den er frå Tredal og vi kan fylle den opp med alt mogleg. på toppen har vi sykkelstativ. Ikkje merkar du at du køyrer med den heller. Eg gler meg til sommarferien allereie!
Anna kosar seg med graut til frukost. Sola skein på teltet kl 07 om morgonen. Det er så herleg å vakne opp i eit telt. Det er stor forskjell på dette teltet og det gamle, billege vi hadde før. Det varmar seg fort opp og veggane er tettare og held betre på varmen. Ein får det ein betalar for, det er sikkert!
Eit bilete av Espen må til. Det var no derfor vi reiste. Han er nummer to i bilete iført Superselma-sykkeldrakt. Dagen var upåklageleg, heilt fantastisk vèr.